Ein av klassane i Mamaisara

Nytt frå Mbulu

  • Solbjørg Åsebø
  • Sanka E. Sanka
  • Frøydis Nordbustad
  • Kristina B Mallange

Kjellfrid Eggebø

har hatt permisjon frå Ryggjabø Vidaregåande skule i 3 år. ILCT er svært takksam for alt arbeidet ho har gjort for oss desse åra. Dette skuleåret er ho tilbake på Ryggjabø Vidareg. skule. Det vart eit stort tomrom etter henne, men dersom alt går som planlagt er ho attende i Mbulu år. Det er planen at Kjellfrid no skal byggja opp ei song og musikklinje ved lærarskulen i tillegg til dei oppgåvene ho hadde frå før.

Solbjørg Åsebø

Solbjørg Åsebø har vore i Mbulu i 2,5 månad i haust. Dei 3 første vekene hadde ho og Gerd Tove Orvedal sykurs for tilsette i ILCT. Vi hadde fått 3 elektriske symaskiner som gåve til arbeidet, men ingen kunne sy med dei. Kurset var svært populært. Solbjørg har lett for å læra nye språk, og på denne korte tida har ho lært seg mange iraqwsongar. Ho kom heim 6. november saman med Frøydis Nordbustad, og reiser utatt i februar for å gå på swahilikurs.

Sanka E. Sanka

Sanka E. Sanka har hatt studiepermisjon dette året, for å lære meir om rekneskapsføring og logistikk.

Han hadde avsluttande eksamen 20. oktober, og er no attende i Mbulu i ein meir administrativ stilling. Han og Solbjørg skal saman ha ansvar for FDV-arbeidet.

Frøydis Nordbustad

Frøydis Nordbustad overraskar stadig med ein vitalitet som kan ta pusten frå noko kvar. Som til dømes når ho brukar dokker for å nå fram til tilsette med ein viktig bodskap, dirigerer ”student koret”, brukar trekkspelet eller orgelet for å få rett tone på songane, for å unngå at kvar lærar har sin eigen versjon. Då er organisten og kordirigenten frå farne tider i sitt ess.

Kristina B Mallange

Kristina B Mallange har fått sitt eige kontor, og kan endeleg få arbeidsro. Til no har ho hatt kontoret sitt i stova på Ujenzi, der folk går ut og inn heile tida. Mange kjem for å snakka med Kristina, for ho er ein god rådgjevar og sjelesørgjar.

Julehelsing frå Frøydis Nordbustad

Tenk, eg kom heim til Årdal tidsnok til å fylla eit lite tomrom i Glytt frå ILCT slik at eg når dykk alle med ei helsing til jul. Det har vore nokre travle månader i Mbulu no, og eg kjenner det er godt med ein pust i bakken her heime. Reiser ut att i januar. For meg har julefeiringa somme gonger vore i Mbulu og andre gonger i Norge. Men det kjære juleverset eg vil helsa dykk med, er like aktuelt alle stader, til alle tider, og under alle forhold:

Mitt hjerte alltid vanker i Jesu føderom,
Der samles mine tanker som i sin hovedsum.
Der er min lengsel hjemme, der har min tro sin skatt.
Jeg kan deg aldri glemme, Velsignet julenatt!

Inderleg takk for trufast forbøn og støtte! Medarbeidarar og venner i Mbulu sender og si takk til dykk med ynske om Guds rike velsigning. Velsigna jul i Jesu namn.

Varm helsing frå Frøydis

Byggeprosjektet

Gåvekonto

Været i Mbulu

Torsdag 28. august 2014 kl 18

Delvis skya. 22° kl. 18. Lett bris, 4 m/s frå søraust. Det er ikkje venta nedbør mellom kl. 18 og 00.

Norge

Tanzania

ILCT Drift

Gåvekonto

Copyright © Iraqw Language and Culture Trust. All rights reserved.