Omsorg og læring

Iraqw Language and Culture Trust

Iraqw Language and Culture Trust (ILCT) er ei norsk stifting, stifta av Frøydis Nordbustad og Nora Klungseth 10. juli 2005.

29. mai 2007 blei søster stiftinga, Iraqw Language and Culture Trust Tanzania Branch (ILCT TB), stifta av Frøydis Nordbustad, Nora Klungseth og Isaac D. Bayo i Mbulu, Tanzania.

ILCT Tanzania Branch er ei sjølvstendig stifting registrert i Tanzania.

ILCT og ILCT TB har til formål å vidareføra det språkkulturelle arbeidet som Frøydis Nordbustad har drive blant den iraqw talande befolkninga i Tanzania sidan 1958, med støtte frå Nora Klungseth frå 1970, og med støtte frå Isaac D. Bayo frå 2006.

Gjennom ulike språkkulturelle aktivitetar og prosjekt, arbeider ILCT for å bedre lese- og skrivekunnskapane blant den iraqw talande befolkningen i Tanzania. Aktivitetar som kan bidra til å betre levekåra for kvinner, og andre grupper med særskilte behov, er eit prioritert område for ILCT.

Gode lese- og skrivekunnskapar i sitt eige morsmål er grunnleggande for ein kvar som ønsker å betre sin eigen livssituasjonen. Evna til å lese og skrive aukar tilgangen på kunnskap, og gir den enkelte muligheten til å delta aktivt i samfunnet rundt seg.

Gjennom ILCT sine tiltak får elevane lese og skrive opplæring i morsmålet iraqw og nasjonalspråket swahili. I tillegg får dei undervisning i grunnleggande matematikk.

Byggeprosjektet

Gåvekonto

Arusha (Tanzania)

21 °CMostly
Max:     Min:

Norge

Tanzania

ILCT Drift

Gåvekonto

Copyright © Iraqw Language and Culture Trust. All rights reserved.