Om Iraqwspråket

Denne artikelen er basert på ein tale Frøydis Nordbustad held ved kulturutstillinga i Dar Es Salaam 18. desember 2004

Innleiing: Skam

Før eg går inn i dette med språket, vil eg fortelja noko. Eg var i Arusha saman med ei veninne som høyrer til Gorowastammen. Og eg var liksom av Iraqwstammen den gongen. Vi gjekk i butikkane og skulle kjøpa noko. Der i butikken såg venninna mi ei iraqw-jente som ho kjende att, og helsa på henne på iraqw Men jenta gøymde seg og tagde still. Den dagen lærte eg at der finnest iraqwfolk som skjemmest over språket sitt og stammen sin. Som om ho skulle vera ei av iraqwstammen -- nei!

Eg skal ikkje snakka meir om denne skamfølelesen. Men eg skal nemna ein annan ting som har med skamkjensle å gjera, men ikkje er det. Vi hadde eit kurs i Mbulu der vi underviste i iraqw-grammatikk, reglane i språket, korleis det er sett saman og fungerer. På det kurset var der paterar og andre kyrkjeleiarar. Dei vart veldig forundra og glade. Tenk, iraqwspråket er eit verkeleg språk, tilliks med andre språk! Det har endåtil grammatikk! Då er det vel ikkje noko å skjemma seg over?

Då eg arbeidde med å granska iraqwspråket i den fyrste tida og leita etter lover og reglar i språket, måtte eg ofte beundra Gud som har skapt og forma dette språket så fint. La oss ikkje skjemmast over det!

Kart over Iraqw ormådet. Klikk på kartet for å sjå det i større utgåve.

Iraqwpråket og naboane

Eg studerte ikkje lingvistikk frå ein historisk synsvinkel. Eg vil snakka om språket vårt slik det er og slik vi snakkar det no, og som er grunnlaget for å kunna lesa det.

Dette andre, at vi har slektningar her og der, vil eg ikkje gå inn på, - men eg vil teikna eit lite kart over språksituasjonen i Aust-Afrika, då serleg Mbulu, Hanang, Karatu og Babati, For dette er eit område som er spesielt, på verdensbasis.

Det er ikkje det at det er så veldig mange språk, men dei språka som finnest der, fordeler seg på heilt ulike språkfamiliar. Der er fire store språkfamiliar som møtest der. Det har vore nemnt Cushitisk her då de snakka om historien til iraqwfolket. Den gruppa som vert kalla ”The Iraqw Group” , dvs. Iraqw, Gorowa, Alawa og Burunge, høyrer til kushittane, og vert nemnt Sør-kushittar. Vi høyrde historien om at dei har kome frå Etiopia. No er dei her, og naboane deira, kven er så dei? Maasai-stammen og Datoga-stammen går inn i den store språkfamilien som heiter Nilotar. Difor er språka deira heilt annleis. Så held vi fram til Hadzape-stammen nede i dalen. Desse er få, og slektningane deira språkmessig sett er langt vekke, i Sør-Afrika. Dei reknast til Khoisan-familien. Her hos oss bor Hadzapefolket nær iraqw og datoga stammane. Somme lingvistar seier ar Hadzape-språket har slektskap med iraqw, andre seier nei. Eg skal ikkje gå inn i den diskusjonen. Men dei bur der nede i dalen, svært nær oss, og språket deira er svært ulikt iraqw-språket.

Og så er det den fjerde språkfamilien, Det er bantuspråka. Det er dei det er flest av i Tanzania. Bantu-sråka er svært ulike iraqwspråket. Eg skal no samanlikna berre swahili-språket, som er bantu, og iraqw-språket, som er kushittisk.

Iraqwspråket: Å skrive det

De treng ikkje vera redde, eg skal ikkje gå så langt inn i lingvistikken. Eg likar det som har med det praktiske å gjera. Også når det gjeld språk, er det praktisk lingvistikk eg har studert. Målet med praktisk lingvistikk er å granska språket og sjå korleis det er no, og prøva finna ein måte å skriva det på, som samsvarar med uttalen av språket, og som gjer det lett for folk å lesa det. Alt dette ligg i det faget.

Om vi no her prøver å samanlikna swahili og iraqw, er det veldig lett, for de kan alle å lesa swahili. Somme seier at dei kan lesa iraqw og, medan andre seier, nei, ikkje iraqw, det greier eg ikkje lesa. Her står vi.

Fyrste eksempel: Tonemerket

Å skriva iraqw er forskjellig frå å skriva swahili, for på iraqw må du visa om stavelsen du skriv blir uttalt med høg eller låg tone. Tonemerket for høg tone er ein accent over vokalen i stavelsen (á, é, í, ó, ú).

    Hee naa hardáh    ein person er komen

    Heé naa hardah    kven er komen

Dersom du ikkje tek omsyn til tonemerket, den vesle hua over bokstaven, kan du ikkje vita om du skal lesa ”hee naa hardáh”, eller ”heé naa hardah”. Det som seier kva setningen skal tyda, er det vesle merket over heé i fyrste ordet og over hardáh i siste ordet.

Dersom du respekterer dette tonemerket over vokalane når du lærer å lesa iraqw, har du teke det fyrste store steget mot å lesa iraqw utan å streva.

Andre eksemplet: Lange og korte vokalar

Dette eksemplet kjem frå eventyret om haren Lách, haren og hyenen. Mange setningar startar slik:

    Iri oó’    ” og han sa”     (dvs. haren sa)

    Iri ó’      ” og ho sa”      (dvs. hyenen sa)

Når det berre står iri oó’, iri ó’, utan at haren eller hyenen er nemnt, korleis skal du då kunna lesa det rett? Hemmeligheten er denne: Dei to oo som tvillingar, uttalast lang o som i setningen ”Ookwa/ángw iri oó’,- ” Men er det berre ein o, uttalast den kort, som i setningen ”Hhaawú iri ó’,-”.

Iraqw har nemleg lange og korte vokalar, og dersom vi støyter oss på dette og ikkje aksepterer det, vert det svært vanskeleg å lesa iraqw. Då må du gjetta kva uttalen skal vera. Men aksepterer du dette med vokallengde, vil du finna at det går veldig greit.

No kan eg ikkje gi deg heile iraqw-grammatikken i dag, for då kjem du til å bli både svolten og trøytt. Men eg vil gje deg eitt eksempel til, der du treng både tonemerke og vokallengde.

    1) aama (bestemor)

    2) ama (ei lykkje på eit tau)

    3) amá (kvar? Korhen?)

For at folk skal kunna lea desse tre orda rett, må du bruka dobbel a i det fyrste ordet (aama), ein enkelt a i ordet ama (lykkje), og tonemerke på siste bokstaven i ordet amá (kvar?).

Leseopplæring

Desse prinsippa er det veldig viktig å ta omsyn til i lærebøker for leseopplæring. Og mange gjer feil her. Dei tek utgangspunkt i bantuspråk, dei startar med swahili som grunnlag, og trur at alt det dreiar seg om, er å læra: ”ma, me, mi, mo, mu”, og ”da, de, di, do, du”. Vi lærer jo å lesa slik. Men når det gjeld iraqw, stoppar det ikkje der.

Iraqwspråket har ”closed syllables” (lukka stavelsar) – det vil seia stavelsen vert stengt (stoppa) på slutten. Ved sida av å undervisa ma, må du også læra dei å lesa mar, mas, mak, osv.

Dersom den som skal læra å lesa, ikkje får hjelp i dette, kjem han til å lesa mykje feil, og hakka og lesa om att og om att.

Læreboka vår ”Mátle nee Amsí” er ei bok der Mátle underviser Amsí i å lesa iraqw. Dette er to iraqw ungdommar. Boka er skriven på swahili, men du lærer å lesa iraqw.

”Basic literacy” er for dei som slett ikkje kan lesa (analfabetar), medan ”Transitional literacy” er for den som allereide kan lesa swahili, men får hjelp til å gå over til å kunna lesa iraqw også. Dei lesekursa vi held no i desse dagar, er Transitional Literacy. Dei varer berre tre dagar.

Ei ny tid for Iraqwspråket

Bibelen på Iraqw

Året i år, 2004, er eit heilt spesielt år i iraqwspråket si historie. Eg vil nemna nokre få ting som viser at vi har gått inn i ei ny tid for iraqwspråket. Den fyrste tingen er Bibelen. For i år har vi teke imot iraqwbibelen. Heile bibelen er omsett. Det har teke mange år. Og no er den trykt og tilgjengeleg. Vi har den her og.

I eit kvart språk si historie er den dagen og det året dei får bibelen på det språket, ei historisk hending. Det er ikkje noko som berre skjer, og går forbi, eller kanskje kjem att. Nei, det skjer ikkje om att. Det er no vi har fått bibelen for fyrste gong. Den er komen, og vi har verkeleg teke imot den. Dette gjer at det er blitt ei ny tid. Du kan gå til bibelen og granska og sjå korleis iraqwspråket er. Nokon har sagt at no kan ikkje iraqwspråket døy ut, for no er bibelen komen på iraqw, den tek vare på språket. Det er ikkje berre innhaldet i bibelen som blir teke vare på, men også sjølve iraqwspråket blir teke vare på på denne måten. Og ser de etter, kan de samanlikna. Eg såg dette medan vi heldt på med omsetjinga. Der er mange typar litteratur i bibelen. Ein av dei er ordtøke. Der er mange ordtøke på iraqw, og der er også mange ordtøke i bibelen. Og om du les begge deler, vil du sjå at mange av tankane der liknar svært mykje på kvarandre. Somme av ordtøka i bibelen liknar så mykje på iraqw-ordtøke at omsetjarane kunne ha lyst å bruka det tilsvarande iraqw-ordtøket i bibelen. Dei såg jo at dei ikkje kunne gjera det. Det måtte omsetjast som det står i Bibelen. Men tankane liknar veldig på kvarandre.

Vi kan fortsetja med ei anna bok som du kanskje ikkje les så mykje i, nemleg boka om Levittane. (Tredje Mosebok), i det Gamle Testamentet. Les du om skikkane der, når det gjeld sjukdom og ureinheit til dømes, vil du sjå at det minner svært mykje om skikkane i forhold til sjukdom og ureinheit som iraqwfolket har.

Wara’ami er Salmane. Les du i Salmane på iraqw, ser du at dei liknar veldig på noko som vi har møtt ein del av her på denne tamasha’en, heilt sidan i går, nemleg ”Sluufaay” (Takkesalme). Salmane i bibelen har mange takkesalmar som liknar på dei som iraqwfolket har.

Før eg går vidare, og kjem til avslutningen, vil eg be Mch. Zakayo Xufo, Coordinator i omsetjingsarbeidet vårt, om å lesa for oss eit kort avsnitt som ein smakebit på at vi verkeleg har ”Sluufaay” i bibelen.

(Rev. Zakayo Xufo las frå Salme 144:12-15 og biskop Daudi gir gjensvaret: Amen. Sjå filmen)

Dette var om Bibelen, at i år har vi fått Bibelen. Difor er det som om vi har gått inn i ein ny tidsepoke for iraqwspråket.

Kulturutstillinga

Det andre eg vil nemna er denne kulturutstillinga her. Det er verkeleg noko heilt nytt at iraqwspråket og iraqwkulturen blir løfta opp og akseptert på denne måten. Det er som om vi går inn i ei ny tid saman med bibelen. Og det kan vel godt henda at noko av det som allereide er bore fram her, vil bli eller alt er nedskrive på iraqw.

Og dette ser eg som noko heilt nytt, at iraqwfolket sjølve har byrja skriva språket sitt. Om eg hadde spurt om noko slikt i gamle dagar, då eg tok til å arbeida med dette, då ville ikkje nokon ein gong ta i ein blyant for å prøva å skriva. Iraqw? Nei.

No er det ei ny tid. Vi har teke eit stort steg framover sidan den gongen.

Heilt sidan 1973 har ein avtale om korleis iraqwspråket skal skrivast, eksistert, men det er no den har fått kraft. Denne avtalen er mellom den lutherske og den katolske kyrkja, som den gongen var dei einaste som skreiv iraqwspråket. Men dei gjorde det. Og leiarane av desse to kyrkjene vart samde om skrivemåten, så det ikkje skulle vera to iraqwspråk, men eitt. Dei kom fram til ein avtale og skreiv under på den. Du kan sjå den i den vesle boka som heiter ”Historia fupi ya Uandishi wa Kiiraqw”. (Ein kort historikk om iraqw som skriftspråk). Der har avdøde biskop Hhando og avdøde biskop Yoram Girgis signert på avtalen. Og vi har fått den, og no styrer den oss. Også bibelen er skriven i samsvar med den skrivemåten som den komiteen gjorde avtale om.

Oppvakning

Det siste eg skal nemna når det gjeld denne nye tidsepoken som vi er gått inn i, er ei oppvakning i dette å lesa og skriva iraqw, at folk ynskjer det. Det er som om det gamle svaret: ”Nei, eg kan ikkje,” har minka litt, og vedkommande seier heller, ”Lat meg og få prøva, eg og vil lesa.”

Og no held vi seminar. Bibelomsetjingsteamet har reist rundt i alle desse fire fylka med dette kurset for å fjerna desse tre vanskelege punkta i å lesa iraqw.Det er eit kurs på tre dagar. Og der er mange på lista over dei som no ynskjer å få eit slikt kurs. I løpet av tida frå 17.mai til 25.juli, før bibelen kom, var det 1603 personar som gjennomgjekk dette kurset og lærte å lesa iraqw, slike som kunne lesa swahili.

Dette er ei oppvakning som eg undrar meg stort over og gleder meg veldig over. For det er som om Gud har bringa den. På same tid som han har kome med Bibelen, og har fått i stand denne kulturutstellinga, så har han også skapt denne oppvakninga som får ein iraqwperson til å ynskja å lesa og skriva språket sitt. Dette er denne nye tidsepoken.

Og kva så med oss?

No er vi her. Og det er de som skal vidareføra dette. Vi vil ta vare på språket vårt og historien vår. Der er berre ein måte å ta vare på det på: Å bruka det og skriva det ned. I den grad de skriv bøker og overleveringar, eigne meiningar og alt de har motteke frå andre, i same grad vil de auka arven som de gjer klar for borna dykkar. – Og så må de ikkje hindra dei i å høyra iraqwspråket heime, det er der dei får grunnlaget.

Arbeidet med å skriva ned alt dette, er ikkje eit arbeid for ein person åleine. Men de lyt fylgja det iraqw ordtaket som seier: ”Ein finger åleine fangar inga lus, eller drep inga lus.”

Er det ikkje sant, kanskje? Tusen takk!

Og takk for de ville høyra på meg.

Byggeprosjektet

Gåvekonto

Været i Mbulu

Torsdag 21. august 2014 kl 00

Klårvêr. 14° kl. 00. Laber bris, 6 m/s frå aust-søraust. Det er ikkje venta nedbør mellom kl. 00 og 06.

Norge

Tanzania

ILCT Drift

Gåvekonto

Copyright © Iraqw Language and Culture Trust. All rights reserved.