Vitja Frøydis i Tanzania
Av Ole Skaten
Denne artikelen stod opprinneleg på trykk i bladet Tysnes torsdag 14. februar 2008, og er gjengitt her med løyve frå bladet.
Det er snart 50 år sidan Frøydis Nordbustad reiste ut som misjonær til Tanzania. Ho står framleis på for fullt - i ein alder av snart 75 år. No dreg ho i gong lærarutdanning i Tanzania.
Eit heilt nytt undervisningssenter skal byggjast i Mbulu. Papira på tomta er no i orden. Dette vart markert med ei tilstelling for ei par veker sidan. Då hadde ein heil delegasjon frå Sogn og Fjordane med primus motor Nora Klungseth i spissen teke turen til Tanzania. Med på turen var også tysnesingane Bjørg og Olav Økland frå Flatråker.
På NRK
Det var Nora Klungseth som drog i gong Afrikaturen. Ho fortel at dei kvart halvår har styremøte i Tanzania i lag med samarbeidspartnarane for prosjektet til Frøydis Nordbustad.
– Me hadde lagt opp til eit hardt arbeidsprogram i 14 dagar. Men turen vart etter kvart langt meir omfattande enn fyrst planlagd. Det «balla det på seg» og det vart til slutt ein stor delegasjon som møtte Frøydis, fortel Nora Klungseth.
Med på turen var Sogn og Fjordane fylkeskommune og Lions i Årdal som har støtta Frøydis sitt arbeid. Ein journalist frå NRK var også med. I tillegg hadde Nora tidlegare invitert Bjørg og Olav Økand med på turen. Frøydis Nordbustad er søskenbarnet til Bjørg Økland. Bjørg og Olav fekk ein flott tur og ei stor oppleving.
Måndag var det ein reportasje om Frøydis sitt arbeid i Vestlandsrevyen og i helga var det eit innslag i Laurdagsrevyen.
Treng 500.000
I mai i fjor vart det skipa ei eiga stifting for det planlagde undervisningssenteret til Frøydis Nordbustad. Stiftingsdokumenta var klare til innsending i juli og i desember var papira i orden.
Dermed kunne den norske delegasjonen på turen no i januar vera med å markera at papira er i orden og at tomta er på plass. Det var fylkesvaraordføraren i Sogn og Fjordane som fekk æra av å planta eit tre på den nye undervisningstomta. Fylkeskommunen i Tanzania hadde i all hast pressa dette inn i eit elles stramt program for turen.
– Me hadde ei offisiell markering med både opptog, song og talar. Ei enkel og fin markering av opninga, fortel Nora Klungseth, vel heimkomen etter turen.
Fyrste byggjesteg for undervisningsprosjektet er kostnadsrekna til 514.000 kroner. Ho kan fortelja at ein allereie er begynt å køyra fram stein på tomta.
– Når skal de byggja?
– Når me har pengar. Til no har me fått inn 55.000 kroner i private gåver og frå Lions i Årdal. Det er førebels berre ein dråpe i havet. Men det er til ein god start, til å begynna på tomta og på grunnmuren.
Planar for 2008
Klungseth sitt hovudmål med turen denne gongen var møte med samarbeidspartnarane for å evaluera arbeidet så langt og leggja planar for 2008. Ho fortel at dei hadde eit positivt møte med den politiske leiinga i Mamaisara. Mamaisara er ein liten region som omfattar to-tre kommunar. Det er eit område som prosjektet til Frøydis har satsa mykje på dei siste åra.
Klungseth fortel at regionen ligg i eit frodig fjellandskap på kring 2500 meter over havet (moh), der dei kan hausta to gonger for året, og som kan samanliknast med landskapet på Vestlandet. Det var i dette området Iraqw-folket slo seg ned då dei kom til Tanzania.
Det nye undervisningssenteret er planlagt i byen Mbulu. Denne ligg på om lag 1800 moh., ein times køyring frå Mamaisara.
Oppstart på tysdag
Tysdag starta Frøydis den nye lærarskulen, utan å ha lokale.
I undervisningssenteret er det planlagt både soverom og fellesareal. I starten skal fellesarealet vera mellombels undervisningslokale. Senteret er planlagt for 36 elevar. Så mange elevar blir det ikkje plass til no i starten, utan ferdige lokale.
– No blir det berre ni elevar. Enten blir undervisninga i garasjen, eller så klarar Frøydis å pressa dei inn i stova si, forklarar Klungseth. Eit slikt provisorisk opplegg krev ein kombinasjon av teori og praksis. Fyrst ei veke med teoretisk undervisning i språk og pedagogikk og så skal elevane ut i praksis. Så blir det tilbake til ei ny teoriveke, og så ny praksis. Slik vil dei halda på i eitt år. Sidan ein ikkje har husrom, må undervisninga delast opp i små grupper.
Det er Frøydis som legg til rette for undervisninga. Lærebøkene skriv ho etter kvart. Vegen blir til mens ein går. Slik er det med dette prosjektet.
– Kjenner eg Frøydis rett, blir det mykje nattarbeid, seier Nora Klungseth.
I fjor plukka Frøydis ut dei beste medarbeidarane sine og gav dei ekstraundervisning, slik at dei kunne vera medhjelparar i undervisninga.
Målet er å få fram gode lærekrefter og plassera eit team på tre personar i kvar landsby. Planen er i fyrste omgang at prosjektet skal omfatta 12 landsbyar. Med tre i kvar landsby blir det eit samla team på 36 personar.




