Tirsdag 12. februar 2008 var opningsdagen for ILCT sin lærarskule i Mbulu, Tanzania.
Sjølv om skulebygget let vente på seg, er no ILCT sin lærarskule i full gang i midlertidige lokaler.
Kristina Mallange sin tale til studentane på opningsdagen var ein historisk gjennomgang av arbeidet til Frøydis gjennom 50 år. Her følgjer eit lite klipp frå talen:
Alle ting har sin start. Eg har som mål å fortelja dykk deler av historia om Frøydis sitt arbeid. Viss du vil gjera eit godt arbeid eller eit arbeid som betyr noko, må du ha desse fire eigenskapane eller fleire:
1. Kjærleik, 2. Flid, vera arbeidsam, 3. Uthald, tolmod og 4. Truskap.
De som er her, har bruk for å kjenna til starten av dette arbeidet som de nå er ein del av.
I 1958 kom Frøydis Nordbustad til Dongobesh for å arbeida i Norsk Luthersk Misjonssamband. Ho starta i arbeidet saman med Anna Strøm, den første svenske misjonæren. På den tid hadde Anna Strøm og katolikkane begynt å skriva iraqw.
Av Ole Skaten
Denne artikelen stod opprinneleg på trykk i bladet Tysnes torsdag 14. februar 2008, og er gjengitt her med løyve frå bladet.
Det er snart 50 år sidan Frøydis Nordbustad reiste ut som misjonær til Tanzania. Ho står framleis på for fullt - i ein alder av snart 75 år. No dreg ho i gong lærarutdanning i Tanzania.
Eit heilt nytt undervisningssenter skal byggjast i Mbulu. Papira på tomta er no i orden. Dette vart markert med ei tilstelling for ei par veker sidan. Då hadde ein heil delegasjon frå Sogn og Fjordane med primus motor Nora Klungseth i spissen teke turen til Tanzania. Med på turen var også tysnesingane Bjørg og Olav Økland frå Flatråker.
På NRK
Det var Nora Klungseth som drog i gong Afrikaturen. Ho fortel at dei kvart halvår har styremøte i Tanzania i lag med samarbeidspartnarane for prosjektet til Frøydis Nordbustad.
Avduking av merkesteinen for det planlagte ILCT senteret i Mbulu
Tirsdag 22. januar 2008 vart merkesteinen for det planlagte ILCT senteret i Mbulu avduka.
Det var mange gjester til stades, både frå Norge og Tanzania. Blant desse var representantar frå Mbulu District Council. District Executive Director i Mbulu held tale, og takka for det sterke engasjementet som blir vist både lokalt i distriktet og frå norsk side.
Fylkesvaraordførar i Sogn og Fjordane, Tor Bremer, held tale og brakte helsingar frå Fylkeskommunen. Utdanningsdirektør i Sogn og Fjordane, Bjørn L. Tønnesen, heldt òg tale under seremonien, medan Olav Eldegard brakte helsingar frå befolkninga i Årdal.
Under seremonien var det fleire kulturelle innslag. Blant anna underheldt koret til Sukarina med fleire fine songar. Dette koret var òg til stades under den store markeringa av Iraqw bibelen på Wama i 2004.




