Aktivitetar og prosjekt i regi av ILCT
Transitional Literacy
Lese- og skriveopplæring på morsmålet Iraqw for dei som kan lese og skrive swahili frå før. Lesekampanjen i Transitional Literacy er organisert som 3 dagars seminar, der deltakarane får lese og skriveopplæring i iraqw og undervisning som skal gjera dei i stand til å halde seminar sjølve.
Transitional Literacy seminar der Frøydis Nordbustad og hennar team underviser, kallar vi A-seminar. Dei som fullfører og består eksamen på eit A-seminar, får retten til å halde B-seminar. Mens elevar som fullfører og består eksamen på eit B-seminar, får retten til å halde C-seminar.
Lærarane på B, C og D seminar blir lønna av ILCT. I tillegg dekkjer ILCT lærebøker for elevane, lærarveiledning for lærarane, samt blyantar, pennar og kladdebøker.
Sjølv om lesekampanjen i Transitional Literacy etter kvart er sjølvsuplerande med tanke på lærekrefter, krev denne lesekampanjen store ressursar til lærarlønn, registreringsarbeidet, produksjon, innkjøp og utdeling av læremateriell, retting av eksamensoppgåver, og skriving av vitnemål.
Basic Literacy
Lese- og skriveopplæring for dei som ikkje kan lese og skrive. Desse kursa i Basic Literacy går over tre semester. På desse kursa lærer elevane å lese og skrive iraqw og swahili, i tillegg til grunnleggjande opplæring i matematikk.
Etter fullført kurs og bestått eksamen, får elevane vitnemål og dokumentasjon på at dei kan lese og skrive både iraqw og swahili, samt at dei har grunnleggjande kunnskapar i matematikk.
Kurs i Basic Literacy er svært ressurskrevjande. Det trengst minst 3 lærarar per klasse. I tillegg kjem kostnadene til læremateriell og studie administrasjon. Vi har for tida 7 slike kurs gåande, 5 i Mamaisara og 2 nystarta kurs i Moringa.
Studiegrupper
«Kva las du no?» Bøker og emner etter eige ynskje. Lokale studiegrupper som gir lese- og skrivetrening, og som kan bidra til å gjere Iraqw til eit levande skriftspråk
Geerií suruuka (Framsteg)
Geerií Suruuka er eit lokalt blad med glytt fra ILCT TB sitt arbeid, i tillegg til lokale nyhende. Bladet er gratis for elevane på ILCT sine kurs. Gjennom dette bladet får elevane lesetrening, og tilgang på nyheter på sitt eige morsmål. Du finn nokre artiklar frå Geerií suruuka her.
Omsetjingsverksemd
Som den einaste undervisningsinstitusjonen for Iraqw språket, spelar ILCT ei sentral rolle når det gjeld omsetjing frå swahili og engelsk til iraqw.
Forlagsverksemd
ILCT har ein stor produksjon av lærebøker og kulturstoff. All literatur blir utgitt på eige forlag.
Fagkurs
ILCT arrangerer ulike fagkurs som skal gje elevane eit betre grunnlag for sjølvberging og inntekt. Desse kursa er spesielt tilrettelagt for kvinner og andre med særskilte behov. ILCT held blant anna kurs i natur hushald og økologisk jordbruk. På sikt er håpet at desse kursa skal bidra til å skape fleire arbeidsplassar i distriktet. Du kan lese meir om eit av desse kursa her.
Kurs for drop-outs
Andelen elevar som av ulike grunnar ikke fullfører grunnskulen, er høg. Mange av desse elevane har tilegna seg noko kunnskap gjennom grunnskulen, men har allikevel behov for meir undervisning for å bli lese- og skrivekyndige. For desse elevane blir kursa i Basic Literacy for grunnleggjande og langsam, på den andre sida krev seminara i Transitional Literacy betre kunnskap enn det drop-outs normalt har tilegna seg. Av denne grunn må det arrangerast eigne kurs for desse elevane.
Lærarskule
ILCT sin lærarskule tilbyr undervisning i språk, og grunnleggjande pedagogikk og psykologi for lærarar som skal undervise i iraqw, swahili og matematikk på kurs og seminar i vår regi.
Språk og undervisnings senter
I dag har ikkje ILCT lokaler som er egna for drifta. Lærarskulen held til i garasjen bak huset til Frøydis. Soverom og stove gjer nytta som matsal, kontor, møte-, konferanse- og grupperom.
Når det røyner på tek vi fram dei gamle blå tønnene fra Norge og brukar desse som kateter og skrivebord der vi finn plass, om det no er inn eller ute. Funksjonærar, lærarar på besøk frå distrikta, og andre gjester, må vi i dag innlosjere på hotell.
Det er med andre ord eit skrikande behov for å byggje eit språk og undervisningssenter som kan romme alle desse aktivitetane. Planane for eit slikt senter er allerede klare, planlagt og tegna av arkitekt Kjell Irgens i samarbeid med teamet i Mbulu. Dette senteret vil bestå av fleire bygg, og vil innehalde eigne undervisningslokaler, kontor, gruppe-, konferanse-, og møterom, bibliotek, bustader og leiligheter for ansatte. I tillegg vil senteret ha gjestehus for elevar og lærarar frå distrikta, samt andre gjester.
Frå ressurspersonar i lokalområdet, har ILCT TB fått ei stor og sentralt plassert tomt til å byggje senteret på. No manglar kun pengar til å starte bygginga.





