
NRK Nyheter: Frøydis Nordbustad har laga tale om til skrift hos Iraqw-folket. Reporter: Cosmin Cosma.
Lengde: 2:31
Gjennom ulike språkkulturelle aktivitetar og prosjekt, arbeider ILCT for å bedre lese- og skrivekunnskapane blant den iraqw talande befolkningen i Tanzania. Aktivitetar som kan bidra til å betre levekåra for kvinner, og andre grupper med særskilte behov, er eit prioritert område for ILCT. Gjennom ILCT sine tiltak får elevane lese og skrive opplæring i morsmålet iraqw og nasjonalspråket swahili. I tillegg får dei undervisning i grunnleggande matematikk.
Samlinga med språkeksempler inneheld 10 bibelsitat på Iraqwspråket. Bibelsitata er satt opp i lag med tilsvarande bibeltekstar på Swahili, Norsk og Engelsk. Følgjande bibeltekstar er med i samlinga: 1. Mosebok 1:1-5, Salme 23, Salme 91, Salme 103, Salme 121, Salme 133, Salme 134, Jeseaja 53, Lukas 2:1-20, og Johannes 1:1-14.
ILCT sitt filmarkiv inneheld filmklipp frå ulike aktivitetar i regi av ILCT. I tillegg inneheld arkivet filmklipp frå viktige milepæler i ILCT si historie.
Foreløbig er det 35 filmklipp i arkivet, med ei samla speletid på 2 time, 7 minutt og 51 sekund.
Ein underleg jordprøve, Sørgebud frå Årdal, Agnes Yoram,
Mama Ima, Helsing frå bibelgruppa, Helsing frå Mbulu
NRK Nyheter: Frøydis Nordbustad møtte ei enorm utfordring i Tanzania. Fotograf: Cosmin Cosma. Reporter: Kjellrun Lavik
Lengde: 5:32
Denne artikelen er basert på ein tale Frøydis Nordbustad held ved kulturutstillinga i Dar Es Salaam 18. desember 2004.
I denne artikkelen trekk Frøydis Nordbustad fram dei viktigaste forskjellane mellom iraqwspråket og andre språk Tanzania. Vi lærer meir om tonemerker, lange og korte vokalar, og lukka stavingar.
Geerií Suruuka (Framsteg) er eit lokalt blad med glytt fra ILCT TB sitt arbeid, i tillegg til lokale nyhende. Bladet er gratis for elevane på ILCT sine kurs. Gjennom dette bladet får elevane lesetrening, og tilgang på nyhende på sitt eige morsmål.
ILCT si fotosamling inneheld bilder frå aktivitetar i ILCT sin regi. I tillegg inneheld samlinga bilder frå viktige milepæler og andre hendingar i ILCT si historie. Du finn og nokre historiske bilder, samt bilder fra kvardagen i Tanzania. Samlinga inneheld meir enn 400 bilder fordelt på 40 album.








